Leiar:

Bra at regjeringa strammar til

Nyhende

Med ein slik til dels formidabel auke i talet på koronasmitta vi har vor vitne til her til lands dei siste vekene, er det på sin plass av regjeringa å stramme til når det gjeld tiltak. Enkelte tiltak vil nok råke delar av næringslivet hardt, og då er det like naturleg at desse sårbare næringane får kompensert tapa i form av ekstratilskot. Nokre tiltak kan ein også stille spørjeteikn med, men i det store og heile verkar det meste fornuftig.

På same tid er det også svært gledeleg å registrere at det kan vere undervegs gode vaksinar mot covid-19. Det gir grunn til optimisme både for folk og næringsliv, og denne veka har vi sett at verdas børsar for det meste har reagert med sterk stigning på nyheita om at koronakampen kan bli vunnen neste år.

Likevel må vi smørje oss med tolmod. Framleis kan det ta mange månader før ein vaksine kan vere klar til bruk i norske kommunar. Og før den tid må vi altså kjempe mot den nye smittebølgja som har skylt inn over landet. Lokalt er vi ikkje skåna. Det er nok å vise til det relativt høge talet på smittetilfelle i ein liten kommune som Sande.

Det er innført skjerpa reglar i kampen mot koronaen. Folk blir i dag oppmoda til å unngå fritidsreiser og jobbreiser innanlands. På private samankomstar på offentlege stadar og i leigde lokale kan det opphalde seg maksimalt 20 personar. På arrangement innandørs er grensa femti personar, og 200 personar om det føregår i lokale med fastmonterte sete.

Vidare er det skjerpa krav for utanlandske reisande til Norge. Dei må syne fram negativ test som er teken under 72 timar før innreise til Norge. I privathus er det lov med maks fem gjestar i tillegg til dei ein bur saman med. Det er stengt for nye gjestar på uteplassar etter klokka 22, for å nemne noko.

For eit år sidan ville slike reglar ha verka heilt absurde, men i dag kjenner alle situasjonen, og dei fleste respekterer reglane. Om vi gjer slik råda seier, kan det gje langt lysare utsikter.