Tango Seaweed med nye aksjonærar - og på flyttefot

Tango Seaweed har lenge vore på jakt etter eigne lokale. Valet til taredyrkarane fall på ein eigedom i Haugsbygda hamn.

Chapman: Her ser vi sjefen sjølv i samband med tilarbeiding av tare. No startar prosessen med å flytte inn i lokala bedrifta har skaffa seg i Haugsbygda. Arkivfoto: Bjørnar Torvholm Sævik.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det er lokala som Proas AS hadde, eigde av Reidar Håvik, som no er overdregne til Tango Seaweed. Overtakinga fann stad torsdag 12. november.