Kva skjer med kommunen vår?

Bulyst er noko som vert snakka om mykje – bulyst og eit synkande bornetal i Sande kommune. No vert det lagt fram forslag om å gjere enda fleire omstruktureringar i skulestrukturen, og bornehagane vert også lagt inn forslag om å endre.

  Foto: VN

Nyhende

For meg som småbornsmor og pendlar, for foreldre som er åleine om omsorga, eller foreldre som arbeider i turnus, er det i utgangspunktet vanskeleg nok å kombinere arbeid og barnehage med dei endringane som er gjort i forbindelse med pandemien. Eg er, som mange andre, avhengig av å pendle, og har ein arbeidsdag som i utgangspunktet er 08 – 16.05. Dette klarer eg no ikkje å oppretthalde, sidan barnehagane stengjer presis klokka 16.00, noko som fører til at eg må ta att arbeid på kveldstid.


Budsjettframlegget til Sande kommune:

Varslar dramatiske kutt og ber om fleire skulenedleggingar

Kommunedirektøren sitt budsjettforslag inneheld ei oppmoding til politikarane om å starte på ein ny prosess om skulestruktur.



Kritikk mot barnehage-innskrenkingar:

Denne småbarnsmora meiner kommunen er på ville vegar

Ho meiner det er svært skuffande at saka om stenging av barnehagar på kvardagar nær høgtider vart vedteke.


Korleis kan de meine at det er fornuftig å legge ned barnehagar, og vidare redusere opningstidene med ein time? Og få oss som småbornsforeldre til å få dette til å gå opp? De gjer det veldig vanskeleg for i alle fall meg å ha moglegheita til å bu i Sande kommune – kommunen som eg og mi familie ynskjer å bu i. Her har vi vokst opp, har familie rundt oss, roa og stillheita vi set sånn pris på. Det er ikkje eit alternativ å ha bornet vårt i ein barnehage i ei anna kommune enn den vi bur i, med tanke på integreringa hennar når skulealderen kjem. Då er siste løysinga at vi må velje å flytte til ei anna kommune. Og den tanken trur eg ikkje at vi er aleine om.

Skuledebatten har vore ein stridig kamp, og nedlegginga av skulane i Sande har ført til ein utfordrande kvardag for dei av borna som særskild må reise med ferje. Kommunen veit konsekvensane av dette, og no har de tenkt å leggje ned enda fleire skular? Og i tillegg kutte både kulturmidlar og ikkje setje i verk ungdomsarbeidarstillinga som ungdommane i Sande kommune så sårt hadde trengt. Kva skal det verte igjen av kommunen vår?

Ser ein på tala som kom fram i UngData-undersøkinga, ser ein den same triste trenden som er fleire stadar; ei psykisk uhelse blant born og unge – auka einsemd, har ikkje møteplassar, og Sande kommune klarer ikkje å skape ein felles møteplass for ungdommane våre. Pandemien har ført til auka einsemd for mange grupper i samfunnet på landsbasis, og då er det rett og slett ikkje akseptabelt å kutte verken i tilbod til born og unge, eldreomsorgen eller teneste for psykisk helse. Kvifor skal kutt alltid gå utover dei sårbare gruppene som treng det mest? Psykisk uhelse og rus er eit aukande problem i befolkninga, og vi kan ikkje late att augene og gløyme dei som faktisk treng denne tenesta. Det er kommunen sitt ansvar å ha gode tenester for alle – frå bornehage til eldreomsorg, psykisk helse og rusteneste. Økonomien trumfar faktisk ikkje menneskehelsa!

Og skal dokke ta vekk norskopplæringa? Kva skjer med integreringa som i utgangspunktet er utfordrande nok å få til? Og innføre eigedomsskatt? Her er mange spørsmål eg stiller meg undrande til, og mest av alt lurer eg på korleis de har tenkt å få folk til å ville busetje seg her framover. Er det noko eg ynskjer, så er det at ungdommane våre og borna våre skal ha eit ynskje om å busetje seg i kommunen når tida er inne for etablering. For meg verkar det som at Sande kommune no set føringane for at dette ikkje skal verte reelt. Dette er i alle fall ikkje forslag som skal føre til verken bulyst eller positiv haldning til kommunen vår. Eg får ei kjensle av skam på vegne av Sande kommune når slike forslag vert vurderte.