Leiar:

Tøffe tider for kommunane

Vi er inne i den tida på året då kommunedirektørane avdekkjer sine budsjettforslag, og dei folkevalde førebur seg på tøffe prioriteringar. I år verkar det – for eit fleirtal av kommunane på Sunnmøre i alle fall – ekstra vanskeleg å sy saman budsjett der ein unngår større kutt.

Pengar Det verkar som kommunane i stadig større grad opplever eit gap mellom inntekter og utgifter.  Foto: Johner Images

Nyhende

Det aller meste tyder i skrivande stund på at det vert nedskjeringar i staden for utvida tenestetilbod. Såpass kan ein allereie fastslå. I ein kommune er det som regel dei svakaste det oftast går utover, nettopp fordi det er unge og eldre som tek imot dei fleste tenester frå det offentlege.


Budsjettframlegget til Sande kommune:

Varslar dramatiske kutt og ber om fleire skulenedleggingar

Kommunedirektøren sitt budsjettforslag inneheld ei oppmoding til politikarane om å starte på ein ny prosess om skulestruktur.



Mesteparten av budsjettprosessen går bak stengde dører, men noko veit vi:

Tøffe budsjettkutt i vente for Herøy kommune

I tillegg til ei rekke kutt innanfor helse og omsorgssektoren vil kommunedirektøren kutte i lærlingplassane i 2021. Han vil også starte på nedskjeringane innanfor oppvekstsektoren, der også skulestrukturen kan bli endra på sikt.


Det har vore ropt ulv også av tidlegare rådmenn. «Nedskjeringar til beinet». «Dette kan vi ikkje leve med». «Knappaste rammene i manns minne» og liknande utsegner har vi høyrt i fleire tiår. Og så – nærast som eit mirakel – har den politiske behandlinga ført til at det vert både julefred og jamvel litt framtidstru før ein rundar nytt år.

Likevel tyder mykje på at det vert ekstra vanskeleg i år. Ikkje berre for vesle Sande, kommunen som er skikkeleg ute av økonomisk kurs, men også storebrørne Herøy og Ulstein. I Herøy har kartet med skulestruktur no blitt teke fram som ein del av budsjettet sitt bakgrunnsbilde. I Ulstein snakkar dei om ein betrakteleg auke i eigedomsskatten, ei skattlegging både sandssokningane og herøyværingane til no har sloppe unna.

Om det var slik at ei samanslåing av kommunar hadde hjelpt, hadde nok mange vore villige til å ta vekk grensene ein gong for alle. Men sjå på nye Ålesund: Der slit dei med å få endane til å møtast. I utkantane i den nye storkommunen formeleg ulmar det. Tilbod står i fare, og folk vil tilbake til slik det var før. Det er litt rart dette; alt vi hadde råd til før, men ikkje no.