Budsjettframlegget til Sande kommune:

Varslar dramatiske kutt og ber om fleire skulenedleggingar

Kommunedirektøren sitt budsjettforslag inneheld ei oppmoding til politikarane om å starte på ein ny prosess om skulestruktur.

Budsjett med smertefulle kutt: Kommunedirektør Anders Norvald Hammer i Sande kommune har lagt fram eit budsjett med sjeldant trange rammer og til dels smertefulle kutt for alle einingar.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Skulane i Gjerdsvika og på Sandsøya vart som kjent nedlagde før inneverande skuleår. Det vart då hekta på eit tillegg om at fleire strukturelle endringar i skulen bør hamne under lupa i tida som kjem.