Bergsøy G16 tukta to trønderlag

To fine eittmålssigrar for Bergsøy G16 i helga.

Ac­ti­on: Her ser vi eit bil­de frå ein av hel­gas kam­par i Trøn­de­lag. alle foto: Ma­ri­ann Skor­pen Berge og Tone Nør­våg  Foto: Mariann Skorpen Berge og Tone Nørvåg

Nyhende

I helga var Bergsøy sitt G16-lag på sin fyrste tur til Trondheim for å måle krefter mot Byåsen og Vikhammer i Toppserien. Det vart to tøffe og spennande kampar. Byåsen var sterke, og leia an heile vegen. Gutane frå Herøy var litt underdogs, nerveprega og spente. Men Rikard Moe og Einar Jonsson på benken gjorde ein strålande jobb, gutane kjempa som løver, og til slutt kunne jubelen stå i taket då tavla viste 24-25! For ein lagsiger!

Tett og jamt: Her ser vi no­kre flei­re bil­de frå hel­ga.  Foto: Mariann Skorpen Berge og Tone Nørvåg

Søndag morgon var det Vikhammer som fekk besøk. Heimelaget hadde nok høyrt nyss om dei flinke herøyværingane, så dei var klare til å bite ifrå seg. Bergsøy kjempa utan heilt å finne rytma i spelet, og vi var litt skadeskotne etter krigen mot Byåsen dagen før. Men karane gav aldri opp, trenarteamet var igjen smarte på benk – og det var ekstra godt å ende med full poengpott i ein oppoverbakkekamp som dette. Eittmålssiger nr. to var eit faktum; 15–16 lyste på veggen!

«We are the champions» ljoma i Bergsøy-bussen denne helga. Ei draumehelg der gutane vart kongar av Trøndelag!

  Foto: Mariann Skorpen Berge og Tone Nørvåg

Hjartans takk til Sparebank 1 Søre Sunnmøre som sponsa laget med middag på turen! Mat må heltane ha! Bergsøy har elles investert i videoløysinga til Joymo, som gjer at alle fans kan sjå kampane live. Det gir litt inntekter i ei tøff tid. Tusen takk til alle som støtter oss!

At Bergsøy kan gi juling til dei beste laga i region nord er ingen spøk. I sesongopninga slo vi Melhus heime med 21-19, men topplaget Charlottenlund vart for tøffe. Der måtte vi bite i graset, og erkjenne at vi fekk bank. Men vi satsar på revansje, vi gir oss aldri – gler oss enormt til fortsettinga! HEIA BERGSØY!