Reagerer på forslag om å legge ned legesenteret på Eggesbønes:

– Det er ikkje løysinga

Ifølgje Folkelista og Senterpartiet vurderer no politikarar i Herøy å seie ja til eit forslag om å samle legesentera i kommunen i Myrvåg. For dei er det lite aktuelt.

Ikkje aktuelt: Bjar­ne Kvals­vik (Folkelista) og Frank Roy Mol­tu (Sp) gjer det klart at det for dei­ra par­ti er heilt uak­tu­elt å leg­ge ned le­ge­sen­te­ret og hel­se­sta­sjo­nen på Eg­ges­bø­nes. Dei mei­ner også at det finst grep ein kan gje­re for å bet­re lege­rek­rut­te­rin­ga til sen­te­ret.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Mykje er i dag samla på Eggesbønes, og det er ei god lokalisering.

Bjarne Kvalsvik
Nyhende

– Folkelista og Senterpartiet meiner at det skal snuast ganske mange steinar før ein går inn for å legge ned legesenter og helsestasjon på Eggesbønes. Det vil vi gjerne signalisere allereie no.