Korona-situasjonen i Herøy og Sande:

Nye smittetilfelle onsdag kveld

Sande kommune har identifisert 14 nærkontaktar etter dei to som vart stadfesta smitta av Covid-19 tysdag. To av dei er stadfesta smitta. I Herøy har to utanlandske arbeidarar testa positivt for koronaviruset.

Korona Covid-19 

Nyhende

– Sande kommune har i kveld, onsdag, fått stadfesta to nye tilfelle av korona. Dei er nærkontaktar av smittetilfelle frå førre veke.

Det skriv kommunen på sine heimesider.

Dei som er smitta sat i karantene fram til testresultatet var klart, og sit no i isolasjon.

Ukjend smittekjelde

Sande kommune fekk også tysdag kveld melding om at to personar i Sande er smitta med korona. Dei to vart sette i isolasjon, og kommunehelsetenesta sette i gang smittesporing.

Sande kommune har identifisert 14 nærkontaktar etter dei to som vart smitta. Dei sit no i karantene og alle er testa.

– Smittekjelda er ukjend, heiter det på Sande kommune sine heimesider.

To nye tilfelle i Herøy

Ein utanlandsk arbeidar, busett i Herøy, som var sett i karantene i samband med utbrotet av Covid-19 i Sande kommune tidlegare i veka, har testa positivt og er sett i isolasjon, melder kommuneoverlegen.

– Det er oppretta kontakt med arbeidsgjevar, og situasjonen er oversiktleg så langt, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

I tillegg har ein utanlandske arbeidar, som er busett i Herøy og vart testa for covid-19 ved innreise til Vigra 26. oktober, fått positivt testresultat onsdag kveld.

– Personen er sett i isolasjon i eigen bustad. Vidare er tre personar i same bustad sett i karantene, heiter det i ei pressemelding på Herøy kommune sine heimesider.

Det er oppretta kontakt med utleigar av husvære.

Også i dette tilfelle er situasjonen oversiktleg ifylgje kommuneoverlegen.


Ein minner om at det er særs viktig for vidare smitteutvikling at alle følgjer retningslinjene for avstand og hygiene:

– Hald avstand.

– Vask hender.

– Ver heime om du er sjuk.