To nye smitta i Sande

Sande kommune fekk tysdag kveld melding om at to nye personar i Sande er smitta med koronaviruset.
Nyhende

Dei to sit no i isolasjon og kommunehelsetenesta er i gang med smittesporing.

Det melder Sande kommune på sine heimesider kl. 22.00 tysdag 27. oktober.

Oppdateringa kjem seks dagar etter at det førre tilfelle av covid-19-smitte vart påvist i Sande, 21. oktober. Det var då snakk om ein person som kom frå utlandet, vart testa på flyplassen og fekk positivt prøvesvar onsdag førre veke.