Stordugnad frå bedriftene på Mjølstadneset:

– Mest effektive ryddeaksjonen eg har sett

Fire store konteinarar, tilsvarande godt over tre tonn med boss, vart fangsten etter at 150 engasjerte sjeler bestemte seg for å gjennomføre ein real ryddeaksjon på Mjølstadneset denne veka.
Nyhende

Dei 150 vi snakkar om kom frå ulike bedrifter på Mjølstadneset, og blant dei som stilte arbeidstida og sine arbeidarar til disposisjon var MMC First Process, Egersund Trål, Astorplast, Bourbon Offshore, Havila, Metizoft, RS System og Norwegian Greentech. I tillegg deltok ryddemannskap frå Fallgard, Runde Miljøsenter og SSR. Sjølve aksjonen tok ikkje lange tida, men effektiv var han – å ja.