Filmen om Bygderadio Vest hylla i Bergen:

– Ekte «feelgood-film»

– Dette var skikkeleg stas. Vi fekk enormt med merksemd. Og så var det servering av sprudlevatn. Men eg treng ikkje det for å sprudle!

Filmstjernene: Olav Kvalsvik, Øystein Bakke, Paul Sundnes på scena.  Foto: Jon Sigve Sundnes

Nyhende

Det sa ein opprømt eksredaktør i Bygderadio Vest, Paul Sundnes, dagen etter at filmen om radioen vart presentert på BIFF (Bergen Internasjonale filmfestival).