Ein omkom, to alvorleg skadde i trafikkulukke

To bilar kolliderte front mot front i Haddal onsdag ettermiddag.

Full alarm: Det var hektisk aktivitet med mykje bergingsmannskap i tida etter ulukka onsdag ettermiddag.  Foto: Jorulf Myrene, Vikebladet Vestposten

Nyhende

Til Sunnmørsposten opplyser politiet sin operasjonsleiar Arild Reite at fleire personar sat fastklemde i bilane. Litt før klokka 18 var dei frigjorde og frakta til sjukehus. Tilstanden til dei involvete vert av politiet omtala som uavklart.

På staden - fylkesveg 653 - var det omkøyring for personbilar, medan større bilar må ta ferje, og då over Sulafjorden og vidare til Festøya, om dei skal til Ørsta/Volda.

Til Vikebladet Vestposten opplyser politiet at hovudvegen truleg vil vere stengd i lengre tid, sidan ulukkeskommisjonen skal undersøke området.

Oppdatering

Klokka 21.30 onsdag kveld melde politiet at ein person omkom, medan to personar vart alvorleg skadde i ulukka. Den fjerde personen framstår som uskadd.

Politiet gjekk torsdag ut og etterlyste eventelle vitneobservasjonar av kva som skjedde i samband med ulukka.