77 verftsarbeidarar pålagde isolasjon i brakkerigg

Krisestaben i Sande har onsdag ettermiddag gjort eit dramatisk vedtak: Rundt sytti utanlandske arbeidarar som bur i ein brakkerigg, er sette i isolasjon på grunn av frykt for fleire koronasmitta.

Onsdag ettermiddag var det hektisk aktivitet med testing av arbeidarar den aktuelle brakkeriggen like sør for Jan Åge Fjørtoft stadion i Gursken. 

Nyhende

- Vi gjer dette som eit føre-var-tiltak. Det heile kan sjåast i lys av smittetilfellet som vart oppdaga onsdag morgon, seier leiar i krisestaben, ordførar Olav Myklebust.


Nytt koronatilfelle i Sande

Ein person som oppheld seg i Sande har testa positivt for covid-19, melder Sande kommune onsdag morgon.


Arbeidarane, som alle var i arbeid på eit skipsverft i ein nabokommune, vart onsdag sende heim av arbeidsgjevaren. Sande kommune vedtok nokre timar seinare å innføre isolasjon for dei tilsette.

Isolerte: I desse brakkene sit det rundt sytti utanlandske verftsarbeidarar i isolasjon.  Foto: Endre Vorren

- I utgangspunktet varer isolasjonen frå 14. oktober til 20. oktober, men kan bli oppheva tidlegare viss resultata av testane skulle tilseie ein noko mildare reaksjon, seier Myklebust til Vestlandsnytt.

Onsdag ettermiddag gjennomførte helseavdelinga til Sande kommune ein kjempejobb med å koronateste dei 77 arbeidarane som vart sette i isolasjon. Kommuneoverlege Asta Sileikiene sa fylgjande til Vestlandsnytt torsdag morgon:

- Det administrative vedtaket om å gjennomføre testing av samtlege, og ved bustadane deira, vart fatta av kommuneoverlege og kommunedirektør. Det er eit temmeleg drastisk steg å ta, med omfattande testing, vaktorganisering og praktiske tiltak rundt slik isolasjon. Men det vart gjort for å spare tid, til det beste for alle.

Sileikene ynskjer å rette ei stor takk til alle medhjelparar for svært god kollegial innsats. Prøvetakinga var ferdig klokka 20, og ikkje menge timane etterpå var dei ved hjelp av frivillig transportør komne til Molde sjukehus.

Den aktuelle brakkeriggen er lokalisert like sør for bana som no heiter Jan Åge Fjørtoft stadion.

Folk med symptom

Olav Myklebust stadfestar at det mellom arbeidarane er folk som syner symptom på det som kan vere koronasmitte.

Korvidt dei sytti har vore i kontakt med andre arbeidarar ved verftet der dei jobba fram til onsdag, er eit anna spørsmål. Her blir det arbeidsgjevar og kommunen der desse personane bur, som må ta dei nødvendige steg for å hindre eventuell smittespreiing.

Nokre av dei sytti skal ha kome til landet sist helg, medan andre har vore i distriktet endå lenger.

Olav Myklebust: Leiaren av krisestaben i Sande seier isolasjonsperioden kan bli korta ned til eit par dagar dersom testane syner at det er mogleg.  Foto: Arkiv / Bjørnar Torvholm Sævik

Olav Myklebust legg til at kommunen gjennom handteringa av denne saka opplever eit godt samarbeid med dei ansvarlege for brakkeriggen og med underleverandørar og verft.

Sande kommune drøftar no saman med dei ansvarlege for brakkeriggen korleis dei sytti praktisk skal bli hjelpte gjennom isolasjonsperioden.

Reglane for isolasjon seier mellom anna at folk under eit slikt regime skal halde seg heime, og i dette tilfellet vert ein også beden om å vere åleine - så langt det let seg gjere - i hyblane i brakkeriggen. I vedtaket frå kriseleiinga i Sande heiter det dessutan at arbeidarane sine arbeidsgjevarar, REM Electro AS og REM-Pol Resources Norway AS, pliktar å informere sine tilsette om gjeldande reglar.