Green Yard Kleven skal oppgradere lekter

Tysdag kom lekteren Boabarges 33 til Green Yard Kleven for oppgradering. Det blir Ulstein-verftet sitt første oppdrag i ettermarknaden etter sommarens eigarskifte.

Boabarges 33: Sette verdsrekord i Lyngnesvika i Ulsteinvik våren 2020. Då vart lekteren senka til heile 29,6 meter, slik at hovuddekket var heile 21 meter under sjøoverflata. Då stod berre to meter igjen av tårna over sjøoverflata.  Foto: Boa Barges AS

Nyhende

- Denne lekteren vart ombygd og oppgradert ved verftet tidlegare i år, og vi hadde eit veldig godt samarbeid den gangen. Vi er derfor svært glade for at Boa Barges kjem tilbake til oss, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven, i ei pressemelding.