Larsnes IL ber om kommunal handsrekking

Larsnes IL spør Sande kommune om eit tilskot på 300.000 kroner til ny turveg.

Tursti: Vegen er planlagt frå rådhusområdet og fram til Halleosen / Storehaugen.  Foto: Skisse/LIL

Nyhende

Det kjem fram av eit brev styret i Larsnes IL, ved Bård Dalen, har sendt til kommunedirektøren. Som eit alternativ til økonomisk støtte skisserer idrettslaget at dei kan få hjelp av teknisk eining til prosjektering av tiltaket.