Vurderer koronasituasjonen og forklarer korleis dei sporar smitte: – Vi har oversikt og kontroll

Etter at det den siste veka har vore påvist fire nye tilfelle av Covid-19 i Herøy, finn vi det naturleg å rette spørsmål til smittevernoverlegen om kor god kontroll ein har på situasjonen lokalt. Per no er svaret oppløftande, men ein skal ikkje slakke på smittevernet.

Bjørn Martin Aasen: Smit­te­vern­over­le­gen i Her­øy ber folk vere på­pas­se­le­ge med smit­te­ver­net i tida fram­over. Enn så len­ge har ein kon­troll på si­tua­sjo­nen i Her­øy, men det er in­gen grunn til å slak­ke på smit­te­ver­net, mei­ner han. Ar­kiv­fo­to: Bjørn­ar Torv­holm Sævik 

Nyhende

– Etter mi vurdering, har vi oversikt og kontroll på situasjonen. Det siste tilfellet vi har påvist i kommunen har blitt avdekka på grunn av oppfølgingsrutinar vi har sett i verk. Så langt har det fungert godt, og det har vore i avgrensa miljø vi har spora i.