Kommunestyret godkjende nytt ungdomsråd

Valet av nytt ungdomsråd er gjennomført.

Her­øy: Det er valt eit nytt ung­doms­råd i Her­øy kom­mu­ne. 

Nyhende

Gledeleg nok har det vore stor interesse mellom ungdomane i kampen for å sikre seg ein plass i ungdomsrådet. Heile 58 ungdomar melde si interesse.

Av dei er 41 elevar ved Ytre Herøy ungdomsskule, 11 ved Stokksund skule, medan dei resterande seks går på Møre barne og ungdomsskule.

Frå YHU er Sivert Sporstøl Leine og Marthe Salvatierra Kvalsvik valde. Eirik Kvalsund Myrseth er varamedlem.

Isabell Frantzen-Warholm blir Stokksund sin medlem, med Elvira Dalsøren som vara.

Møre barne og ungdomsskule sine medlemer blir Andrea Baade Bakken og Ricardo Vattøy. Frida Storøy Hauge vara.

I tillegg blir Arjan Sydhagen Dalsøren med som representant frå Herøy VGS.

Følgjande medlemer frå ungdomsrådet tek attval: Celina Frøystad (1 år), Inge Moltumyr (2 år), Sigve Storøy Hermansen (2 år), Maria Isabell Sævik (2 år), Viktor Tuvik Skarbø (1 år).

Mathias Løvøy (1 år) tek attval som varamedlem.

Medlemer i ungdomsrådet blir valt inn for to år. Vidare fungerer prosessen på den måten at halve ungdomsrådet blir skifta ut kvart år. Derfor både nye medlemer og medlemer som tek attval.