Herøy Rotary på svalbard-tur

Denne hausten tok klubben laus frå sitt møtelokale i Thon hotell, og sette kursen nordover, mot Svalbard.

Svalbard: Eit 20-tals medlemer frå Herøy Rotaryklubb på opplevingsrik tur til Svalbard.  Foto: Bjørn Martin Aasen

Nyhende

Dei fleste medlemmene melde seg på, så vi vart godt og vel 20 spente rotary-anarar, kvinner og menn, som sette oss i flyet på Vigra mot ukjent land. Berre ein av medlemmene hadde vore der tidlegare, Kjellbjørn Kopperstad, og han vart sjølvsagt utpeika til reiseleiar. Saman med eit reisebyrå var turen nøye planlagt på førehand.