Havyard stansar aktiviteten ved verftet

Fire tilfelle av koronasmitte i løpet av den siste veka fører til stans i aktiviteten ved Havyard-verftet i Leirvik.

Havyard Leirvik: Verftet valde onsdag å stoppe aktiviteten etter at det har blitt avdekka fire smittetilfelle av covid-19 siste veka.   Foto: Arkiv/David Zadig

Nyhende

Verftet vel å stanse aktiviteten som eit strakstiltak slik at ein kan få kartlagt situasjonen og iverksette ytterlegare tiltak for å stoppe smittespreiing, heiter det i ei pressemelding frå Havyard onsdag.

- Alle fire sitter i isolasjon. Smittesporing er sett i gang. Det er førebels avdekka 53 nærkontaktar og alle sitter i karantene, heiter det vidare.

Verftet jobbar no tett saman med smittevernlegen, bedriftshelsetenesta og kommuneadministrasjonen, og arbeidet vil pågå utover dagen og kvelden. Det er varsla meir informasjon i løpet av kvelden.