Karin får 625.000 kroner i utviklingstilskot frå Innovasjon Norge

Karin Flatøy Svarstad frå Voksa har fått innvilga 625.000 kroner i utviklingstilskot frå Innovasjon Norge. Dei er til eit nytt, nasjonalt og banebrytande prosjekt.

Karin Flatøy Svarstad   Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Eg har fått gratulasjonar frå folk som trur eg har fått pengar til prosjektet med kultursenteret på Voksa, seier ho.

Men det er ikkje kultur dei løyvde midlane frå Innovasjon Norge går til. Pengane vert nytta i eit – i norsk samanheng – nytt og banebrytande biogjødselprosjekt, der «skrapull» vert brukt til å produsere økologisk gjødsel. Dette er ull som bønder ikkje får betalt så mykje for, og som difor ofte vert brent, graven ned eller kasta på havet.

Vi kjem tilbake med meir om denne saka i nær framtid.