Korrona igjen påvist i Sande:

- Vi meiner å ha kontroll over situasjonen

Sjølv om det vart stadfesta eit nytt smittetilfelle i Sande 16. september, meiner krisestaben at situasjonen er under kontroll.

Olav Myklebust: Opplyser at nærkontakter til vedkomande som er smitta, ikkje har fått påvist smitte.  Foto: Arkiv / Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Spørsmåla er sjølvsagt mange i Sande etter at det fem månader sidan førre smittetilfelle, igjen er stadfesta at ein person i Sande er smitta av Covid-19.

Men kommuneleiinga ynskjer ikkje å gå i detaljar, verken på korleis personen er smitta, eller kva type miljø vedkomande har ferdast i.


Koronasmitte påvist i Sande

Sande kommune melder onsdag føremiddag at ein person i Sande har fått påvist positiv prøve, og er smitta av koronaviruset. Dette er det første smittetilfellet i Sande sidan tidleg april.


- Av personvernomsyn ønskjer vi å avgrense informasjonen, seier ordførar Olav Myklebust.

Nærkontakter smittefire

Det han kan fortelje, er at personane som er definerte som nærkontakter til vedkomande som er smitta, er testa og erklært smittefrie.

- Vi meiner å ha kontroll over denne situasjonen, seier Myklebust.

Myklebust legg til at det førebels er litt uklart korleis vedkomande som onsdag vart stadfesta koronasmitta, har fått smitta. Det vert framleis jobba med denne saka, etter det Vestlandsnytt forstår.

Elles får Vestlandsnytt opplyst at tannlegekontoret var stengt torsdag, for å vere sikre på at ein skal unngå eventuell smitte. Men denne situasjonen vart avklart, og kontoret har ope igjen fredag 20. september. Fysioterapien var også stengt av føre-var-omsyn i slutten av veka, men opnar igjen måndag 21. september.

Sande kommune ber innbyggjarane fylgje med på styresmaktene sine råd, og oppdaterte retningslinjer i høve til arrangement og reiser. Dessutan minner ein om dei viktige råda:

  • halde avstand
  • vaske hender
  • vere heime om du blir sjuk