Hamnesaka: Vil vurdere alternative deponiløysingar – kan bli flytta frå Fosnavåg

Kommunedirektøren seier nei til det planlagde prosjektet på indre hamn, men stiller seg samstundes positiv om ein kan finne ei alternativ deponiløysing som gir same gevinst, men til ein lågare kostnad og risiko.

FOS­NA­VÅG HAMN: Det er no opna for å gjen­nom­fø­re ut­dju­pin­ga og mil­jø­opp­ryd­din­ga som plan­lagt, medan de­po­n­iet og det nye land­are­a­let kan bli plas­sert ein heilt anna stad.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Opninga for ei alternativ deponiløysing vart lagt fram av Kystverket då dei møtte Herøy kommune tidlegare denne veka. Føresetnaden for ei slik løysing er at Herøy kommune står for utgreiinga av ny deponiløysing, samstundes som ein må søke departementet om ei justering av forskotteringsavtalen.