Stadfestar funn av ILA-virus på oppdrettsanlegg

Mattilsynet har fått dei første resultata på prøver tekne ved Mowi sitt oppdrettsanlegg i Bjørlykkestranda i Vanylven, mellom fastlandet og Gurskøya.

Smittefunn: Dei første prøvesvara frå Mattilsynet syner ILA-virus her i Bjørlykkestranda. Det trengst formelt oppfylgjande positive prøvesvar før ein offisielt kan fastslå at eit anlegg har ILA-smitte.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

- Prøvene syner funn av såkalla virulent virus, som gir den mest hissige varianten av ILA-sjukdom, seier seniorinspektør Cecilie Flatnes Nystøyl i Mattilsynet til Vestlandsnytt.