Rasvegen på Åram opna igjen onsdag kveld

Onsdag morgon gjekk det eit jordras over fylkesveg 5852 like ovanfor Åram stadion. Vegen opna igjen tidleg onsdag kveld.

Jordras Slik ser rasstaden ut frå sjøsida. Som vi ser har det gått over vegen like bak den i dag nedlagde Åram stadion.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Etter alt å døme er det massivt regnvêr siste tida som har utløyst skredet, som onsdag morgon førte til stengd fylkesveg mellom Åram og Sørbrandal.

Brannvesenet og seinare vegvesenet med entreprenør har vore på staden for å sjekke forholda. All jord ser ut til å ha losna frå berget ovanfor fylkesvegen. Skredet er rundt 25 meter breidt nede på sjølve vegen.

Opprydding: Fylkeskommunen i sving med å rydde opp etter raset onsdag ettermiddag.  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er omkøyring via Fiskå medan oppryddingsarbeidet pågår. Det er førebels ikkje antyda kor lenge vegen vert stengt.

Frå berget ovanfor Åram stadion og fylkesvegen gjekk det også eit mindre jordras for eit par år tilbake. Det var av langt mindre omfang enn raset onsdag morgon, som ser ut til å vere rundt 100 x 50 meter i utstrekning.

"Rimeleg stort omfang"

Dagfinn Aasvik, som bur like ved rasstaden, seier til Vestlandsnytt at det raset er av "rimeleg stort omfang".

- Eg vil anslå høgda på jordmassane, over fylkesvegen, til halvannan til to meter. Dei får ein bra stor oppryddingsjobb, både på vegen og markane nedanfor. I tillegg må dei jo ta opp att grøfter og fiinne fram til stikkrennene igjen, seier drosjesjåføren til Vestlandsnytt.

Aasvik seier det var mykje folk ved rasstaden frå kommune, brannvern og andre etatar onsdag morgon.

Ras: Her ligg jordmassane over fylkesvegen på Åram. Vi ser fartsskiltet i bakgrunnen.  Foto: Dagfinn Aasvik

- Dei fortel at det skal gjennomførast ei geologisk vurdering av rasstaden. Personleg er eg ikkje redd for hus og heim, for vi bur vest for rasstaden, der det er slakkare helling mot fjellet. Men innanfor er det noko brattare, så det er sikkert lurt å finne ut om det kan kome meir, seier Aasvik.

Han opplyser at ingen bygningar vart råka av raset. Men han fryktar ein privat brunn frå ei oppkome nedanfor rasstaden kan ha fått bra medfart av jordmassane.

Vegtrafikksentralen opplyste onsdag føremiddag at vegen kan bli stengt ein lengre periode.

Opnar i 18-19-tida

Byggjeleiar Eivind Voldsund i fylkeskommunen opplyste onsdag ettermiddag til Vestlandsnytt at vegen vart planlagt opna i 18-19-tida.

- Geologen konkluderer med at det er trygt å opne igjen, seier Voldsund.

Han seier det var både geolog og geoteknikar frå fylkeskommunen i området tidleg onsdag, og konklusjonen er at det altså ikkje er overhengande fare for nye ras.

- Det som har kome ned på markane kan intil vidare bli liggande og tørke opp litt. Det er eit vedtak som er fatta i samråd med grunneigar. Det er nemleg så blautt her, etter alt regnet i det sist,e at vi avventar denne delen av oppryddinga, legg Voldsund til.

Vegen vart opna litt etter klokka 19 onsdag kveld.