Traal AS erstattar gamle Herøyfjord med ny trålar: – Bra tid for å satse

Måndag kunne Fosnavåg-baserte Traal AS kunngjere at dei har kjøpt seg ny fiskebåt. Den erstattar den gamle Herøyfjord, og stikkorda er større lastekapasitet, meir komfort og topp moderne utstyr.

Eventyrleg fiske skapar moglegheiter: Etter eit heidundrande år for den pelagiske trålaren Herøyfjord ser reiarlaget Traal seg no moglegheit for å gjere ei oppgradering. Det er desse to karane godt nøgde med. F.v. Stig-Arne Sævik og Per Magne Eggesbø. 

For oss er dette eit skikkeleg sprang framover

Per Magne Eggesbø
Nyhende

Båten som reiarlaget tek over 1. april neste år er bygd i 2014 og heiter Astrid. Med sine 70 meter på langs og 15 meter i breidda opererer han i dag i danske farvatn. Det danske reiarlaget som sel trålaren er svensk-eigd og ber same namnet som båten.