Ap-leiarar uroa for Kongsberg-arbeidsplassar:

Krev handling frå næringsministeren

Lokale Ap-folk ber næringsminister Iselin Nybø engasjere seg for å berge viktige maritime arbeidsplassar i Ulsteinvik.

Omgåande: – Det skulle berre mangle om ikkje næringsministeren omgåande engasjerer seg i ei så viktig sak, seier herøyordførar Bjørn Prytz.  Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Nedlegging av maskineringsavdelinga til Kongsberg maritime er det siste vi treng no, seier ordførar Bjørn Prytz.

Saman med Hanne Notøy frå Ulstein Arbeiderparti, og Per Vidar Kjølmoen frå fylkespartiet, har herøyordføraren sett fram eit krav om at næringsministeren gjer grep som kan sikre arbeidsplassane ved Kongs- berg si avdeling i Ulsteinvik.

Som Vikebladet tidlegare har omtala har Kongsberg planar om å flytte delar av arbeidet ved maskineringsavdelinga til utlandet. Det vil råke nærare 20 tilsette direkte, og fleire indirekte, og tillitsvalde frå fleire forbund er uroa for konsekvensane.

Sverre Thorsø, klubbleiar i Fellesforbundet, er kritisk til om konsernet vil spare pengar på eit slikt grep.

-Maritim sektor har skapt enorme verdiar for Norge. Gjennom tiår har dei skapt grunnlag for eit av verdas beste velferdssamfunn. No er det maritim sektor som treng oss, skriv Ap-representantane i oppropet til næringsministeren frå Venstre.

Krev engasjement

Her blir det vist til at på grunn av koronaepidemien har delar av den maritime bransjen stoppa opp. Då er det politikarane sin jobb å sette i verk tiltak så hjula kan haldast i gang inntil situasjonen er normalisert.

Ein må gjere det som gjerast kan for å unngå tap av norske arbeidsplassar. Det gjeld også dei som arbeider ved maskineringsavdelinga til Kongsberg maritime, heiter det vi dare.

– Vi forstår at det er grenser for i kva grad næringsministeren skal gå direkte inn i drifta av eit selskap der staten er majoritetseigar. Men eit minimum må vere at Nybø set seg ned, saman med leiing og tilsette for å drøfte kva som finst av moglegheiter for å berge desse arbeidsplassane på Sunnmøre, seier dei tre Ap-folka i ei pressemelding.

Dei slår fast at det finst ei rekkje verkemiddel som kan takast i bruk, om den politiske viljen er til stades. Difor krev dei at ministeren engasjerer seg i saka omgåande.

– Det skulle berre mangle, seier Prytz.