Hamnesaka kjem opp att neste veke

Ordføraren set hamnesaka opp til ny behandling torsdag 24. september.

Bjørn Prytz: Ordføraren varslar ny handsaming av hamnesaka.   Foto: Arkiv/Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Vestlandsnytt tok måndag kontakt med ordførar Bjørn Prytz for å høyre kvifor han ikkje har svara på brevet frå Høgre, KrF og Frp. Ordføraren forklarar enkelt og greitt at grunnen til at han ikkje har svara på brevet, er at han er einig i innhaldet.