Fryktar vi ser berre starten på massive ferjerutekutt

Mathias B. Gjerde (Sp) har i fleire år styrt ferjer i distriktet vårt. Han fryktar ferjekuttforslaget frå fylkeskommunen kan vere starten på ei nedbygging.

Sande kommunestyre 8. september 2020: Saka som fekk opp temperaturen mest, kom under «skriv og meldingar». Det gjeld fylkeskommunen sitt forslag som vil gå utover ferjerutene i 2021 og åra deretter.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Dei varslar innsparingar på fleire titals millionar kroner. Det er enorme summar når ein også tenkjer på at tilbodet heller ikkje er bra frå før, sa Gjerde då kommunestyret i Sande tysdag drøfta det overraskande ferjekuttforslaget.