Trappa opp på Herøy rådhus med 556 hamne-underskrifter:

- Saka var avgjort på sviktande grunnlag

Tre politiske parti i Herøy, KRF, Frp og Høgre, kunne onsdag levere 556 underskrifter og eit krav om å få gjere ei ny politisk handsaming i Fosnavåg hamn-saka.

Mange ber om ny sakshandsaming: Tine Storøy (H), Karl-Oskar Sævik (Frp) og Aleksander Tarberg (KrF) trappa onsdag opp på Herøy rådhus med 556 underskrifter og eit krav om ny handsaming av Fosnavåg hamn-saka. - Avgjersla var tatt på sviktande saksgrunnlag, seier dei tre lokalpolitikarane.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det heile munnar ut i at saksgrunnlaget, som vi hadde då avgjersla skulle takast, rett og slett var for svakt. Alle opplysningar vart ikkje lagt på bordet då kommunestyret handsama hamnesaka.