Ordførar Olav Myklebust rosar Larsnes Mek.:

– Dette var skikkeleg stas

Sola skein litt ekstra godt på Larsnes Mek. Verksted onsdag, då det vart kjent at verftet hadde bygt årets skip.

Gratulerer: Olav Myklebust gratulerer Mette Longva og resten av gjengen på Larsnes Mek med den høgthengande utmerkinga. Frå kantina under lunsjen på fredag. Foto: Einar Ekroll 

Nyhende

Ordførar Olav Myklebust hadde på førehand fått eit vink om at Larsnes sikra seg den høgthengande utmerkinga «Ship of the year». Då vi snakka med han i middagstida onsdag, var han på veg over Leikongeidet med ein flott blomsterbukett i bagasjerommet.