Ekroll ber om eige prosjekt om samferdsel

Varaordførar Einar Ekroll meiner Sande kommune treng større politisk trykk på trafikk- og samferdselsprosjekt.

Larsnes ferjekai: Det viktigaste trafikknutepunktet i Sande. I tillegg til ferje og passasjerbåtrute har bussen sine stopp på denne plassen.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Han lanserer no forslag om etablere ei prosjektgruppe på tre til fem personar som skal jobbe med trafikk- og samferdselssaker i samarbeid med administrasjonen. Dette utvalet kan i neste omgang innstille til formannskapet. Målet kan i fylgje Frp-politikaren vere å lage eit samferdsels- og trafikktryggingsprosjekt for kommunen.