Jon Georg Dale om skrinlegginga av Fosnavåg hamn-prosjektet:

– For meg er det komplett uforståeleg at ein skusla vekk denne moglegheita

Dalsfjordingen som i fjor sommar troppa opp på Allmenningskaia i Fosnavåg med 108,5 millionar kroner forstår lite av Herøy kommunestyre si skrinlegging av hamneprosjektet.

HAR SKUSLA DET VEKK: Jon Georg Dale (t.v.) var samferdselsministeren som overrekte bodskapen om at Fosnavåg hamn-prosjektet får 108,5 millionar av staten. Han forstår i likskap med Karl-Oskar Sævik (t.h.) lite av vedtaket om å ikkje nytte seg av pengane. Dei to møttest på kurs på Trandal denne helga.   Foto: Privat

Nyhende

– Eg har ikkje sett mange tilfelle der eit kommunestyre ikkje ser nytta av 108,5 millionar statlege kroner. For meg er det komplett uforståeleg at ein skusla vekk denne moglegheita, seier den tidlegare samferdselsministeren til Vestlandsnytt.