Kommuneadvokaten slår tilbake mot skuldingar om politiske ytringar og inhabilitet

Kommuneadvokat Reidar Andresen meiner det ville vore ein unnlatingssynd om han ikkje trekte fram konkrete risikoelement i Fosnavåg hamn-prosjektet. Påstandar om eigeninteresser i saka karakteriserer han som heilt grunnlause.

Reidar Andresen: Her er kommuneadvokaten fotografert under det omtalte formannskapsmøtet tysdag 18. august.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det var under torsdagens møte i Herøy kommunestyre at det vart antyda at Andresen fremja politiske bodskap, like før kommunestyret gjorde endeleg vedtak om å skrinlegge hamneutdjupingsprosjektet på indre hamn.