Fosnavåg hamn-kostnaden kan bli på over 200 millionar kroner

Vil ha næringslivet med på spleiselag

Vilja til å gjennomføre hamneutdjupinga på indre hamn er der framleis, men formannskapet fryktar dei mange risikosidene ved prosjektet. Eit bidrag frå næringslivet kan bli heilt avgjerande for utfallet av saka.

HÅPER PÅ NYE SIGNAL: Ordførar Bjørn Prytz og varaordførar Bjarne Kvalsvik er skeptisk til prosjektet slik realitetane er no. Dei ser behov for nye signal frå næringslivet, når dei no tek initiativ til dialog. Kommunedirektør Trond Arne Aglen til venstre. Han fekk sin debut i formannskapet, og åtvara mot dei mange risikoelementa ved prosjektet.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Eg håper aktørane får med seg at dei må kome med nye signal før behandlinga i kommunestyret. Eg håper at dei som vil dette kjem aktivt på bana. Hugs at vi skal forvalte kommunen sine pengar for alle kommunen sine innbyggarar.