Sparebank 1 Søre Sunnmøre:

Korona-pandemien har hatt avgrensa betydning for banken sitt resultat

Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt resultatet før skatt var på 77 millionar kroner første halvår 2020. Dette er ein reduksjon på 47,9 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor.
Nyhende

Sparebank 1 Søre Sunnmøre la fredag fram tala for 2. kvartal, og legg bak seg eit halvår med kundevekst, auke i netto renteinntekter og i andre inntekter, låge tap og god kostnadskontroll. Resultatet før skatt var på 77 millionar kroner første halvår 2020. Dette er ein reduksjon på 47,9 mill. kroner samanlikna med same periode i fjor. Reduksjonen skuldast store ekstraordinære gevinstar i 1. kvartal 2019. I løpet av dei siste 12 månadane har Sparebank 1 Søre Sunnmøre elles hatt ein samla vekst i utlån i personmarknaden på 5,9 prosent. Dette ligg over marknadsveksten.

– Korona-utbrotet har ramma mange, men har hatt avgrensa betydning for banken sitt resultat, skriv banken i ei børsmelding.

Administrerande direktør Stig Brautaset ser det som svært gledeleg at banken held fram med å vise til god underliggande bankdrift.

– Det gir tryggleik for både kundar, eigarar og dei tilsette, seier han og held fram:

– Vi har i løpet av våren og sommaren vore i tett kontakt med kundane våre og innvilga avdragsfriheit for fleire privatkundar. I tillegg har vi opplevd vekst i utlån til bustad og storpågang av nye kundar, seier Brautaset.

Vekst i netto renteinntekter var på 4,7 prosent til 75,2 mill.kr (71,8 mill.kr). Vekst i netto provisjonsinntekter låg på 5,8 prosent til 36,6 mill.kr.

Skryt av næringslivet

Også på bedriftssida har aktiviteten vore positiv, ifølgje banken. Då Korona-utbrotet råka landet frykta Sparebank 1 Søre Sunnmøre fleire konkursar.

– Vi har vore tett på kundane våre og næringslivet har vist at dei har ein unik evne til å omstille seg. Mange har vore kreative og endra driftskonsept, seier Brautaset, og legg til:

– Det er framleis knytt stor usikkerheit til korleis Korona-utbrotet vil påverke næringslivet framover. Vår viktigaste jobb er å vere til stades og støtte kundane våre, og vi vil gjere det vi kan for å hjelpe flest mogleg, seier Brautaset.