Krisestaben i Sande har konkludert:

Ikkje eigne karantenereglar

Sande kommune vil førebels ikkje innføre eigne karantenereglar for tilreisande frå utlandet.

SEMJE: – Det var full semje i kriseteamet, slår kommuneoverlege Asta Sileikiene fast.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det er klart etter at krisestaben i dag (torsdag) har drøfta kommuneoverlegen sitt forslag om innføring av eigne lokale karantenereglar.


Vil ha innført karantene også frå grøne land

Sande kommune bør snarast innføre karantene for folk som kjem frå utlandet sjølv om det i dag er grøne land. Det same bør nabokommunane.



Siste om koronasituasjonen i Sande:

Resultatet til den utanlandske arbeidaren er klart

Samtlege ti som tysdag blei sette i isolasjon i Sande, er no ute igjen.


Bakgrunnen for kommuneoverlege Asta Sileikiene sitt forslag er dei mange utanlandske arbeidarane som no kjem tilbake etter ferieopphald i heimlandet og den oppblomstringa av koronasmitte ein har sett i det siste, også i land som framleis er grøne. Kommuneoverlegen ville difor ha eit straksvedtak om karantenetid ved innreise frå både raude og grøne land.

Etter dagens møte har krisestaben lagt ut denne meldinga:

«Det vert ikkje gjort lokale vedtak om utvida karentenebestemmelsar i Sande førebels. Ein forheld seg inntil vidare til dei nasjonale bestemmelsane, der land med aukande smittetal fort kan bli råka av karentenebestemmelsane.

Sande kommune er i ein situasjon der smitte ikkje har vore i kommunen sidan tidleg i vår. Etter at sentrale restriksjonar gradvis vart avvikla, har reiseverksemda auka betrakteleg.

Vår kommune er spesielt sårbar for smitte fordi vi har etter måten stor internasjonal kontakt når det gjeld tilførsel av utanlandsk arbeidskraft.

Vi går no inn i ein kritisk fase der folk kjem frå ferie og skal ta til i arbeid, i skule og barnehage att. I denne samanheng ber vi alle, både bedrifter og institusjonar, om å vere sitt ansvar bevisst, og lage og gjennomføre rutinar for kontakt, hygiene, reinhald og testing som sikrar minimal (det vil seie null) oppblomstring av koronasmitte. Då slepp ein å setje i verk offentlege tiltak og avgrensingar, med dei økonomiske og menneskelege kostnader det medfører».

Eit viktig poeng for kommuneoverlegen har vore at mange smitta er utan symptom, eller kan få symptom etter 2-3 døgn. Ny kunnskap viser òg at barn er viktige smitteberarar, og når skulane no opnar igjen, er dette viktig å vere klar over, meiner kommuneoverlegen.

Asta Sileikiene seier ho ikkje kan kommentere krisestaben sitt vedtak utover å slå fast følgjande:

– Eg møtte full forståing i krisestaben, og vi er samde om at spørsmålet kan takast opp att veldig fort dersom situasjonen skulle endre seg.