Tindefilm lagar NRK-dokumentar:

Historia om ein gløymd helt

116 år etter Ole Brude sin ekstreme ferd i «Brudeegget» over Atlanteren, lagar Tindefilm ein NRK-dokumentar full av rekonstruksjonar, arkivbilde og kommentarar frå historiske ekspertar.

I desse tider vert NRK-dokumentaren om ein av Noregs litt gløymde heltar, Ole Brude, og hans ferd over Atlanteren, spela inn. Lengst framme ser vi regissør Gry Molvær Hivju frå Sula, hovudfotograf Tor Sivertstøl frå Larsnes og Daniel Sivertstøl, også frå Larsnes. Sistnemnde spelar matrosen Carl Johansen i filmen. Bak, på «Brudeegget»: Vebjørn Enger, som spelar hovudpersonen sjølv.   Foto: Hilde Nerland

Nyhende

– Dette er en film vi har brent for lenge. Ole Brude er ein av Norges gløymde heltar. Sjølve seglasen i det vesle metallegget var ein ekstrem manøver i seg sjølv. Men denne vannvittige overfarten til Amerika var også eit stort, personleg drama for Ole og alle involverte, og for oss som filmskaparar er dette utruleg spanande å forske i, seier regissør Gry Molvær Hivju i produksjonsselskapet Tindefilm, der Tor Sivertstøl frå Larsnes er hovudfotograf.