«Gollenes» – Fyrste båten Kleven bygde

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smia i Kleivakøyla på Dimn- øya. Det var starten på det som i dag er Green Yard Kleven.

På overleveringstur: Fiskebåten «Gollenes» var fyrste båten Kleven bygde. Biletet er frå august 1961.   Foto: Ukjend

Dei tre Kvalsvik-brørne og Marius Kleven vart einige. Byggjekontrakten og spesifikasjonane vart skrivne på eit lite, blankt papirark. Dette viser den tilliten som var mellom reiarar og verft.

Nyhende

I smia tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans – Arthur, Magnar, John og Asbjørn – med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius på heiltid i smia.