Ikkje tilskot til leikeplass på Vågsholmen

Nyhende

Med bakgrunn i at tilskotsordninga for leikeplassar i Herøy kommune ikkje kan nyttast på Bergsøya, har Nørvåg vel fått avslag på ein søknad om tilskot til leikeplass på Vågsholmen. Det er eit politisk ønskje at «Bygdeutviklingsmidlane» berre skal kome bygdene utanfor Bergsøya til gode då desse ikkje kan dra veksel på ulike tilskotsordningar i høve byutviklingsarbeidet.