Til saman er det løyvd 170 millionar kroner til ordninga, og basert på elevtal har Herøy kommune fått eit tilskot på 208.650 kroner.
Tilskotsordninga skal bidra til at det blir oppretta nye tilbod, eller at allereie eksisterande tilbod blir utvida, til dømes med intensiv opplæring, leksehjelp eller sommarskule.
- Alle elevar bør vurderast, også dei som før smittetiltaka ikkje blei vurderte som sårbare. I vurderingane bør både elevane og foreldra sine meiningar takast med, heiter det i tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.