Ny styreleiar i Fosnavåg konserthus

Margareth Leinebø er valt til ny styreleiar i Fosnavåg konserthus as, med Arne Johan Dale som nestleiar.

Margareth Leinebø er valt til ny styreleiar i Fosnavåg konserthus.  Foto: arkiv

Nyhende

Leinebø erstattar Hilde Marie Brungot som går ut av styret. Dei andre i det nye styret er Sølvi Nerem Berg og Kristin Monsen Lystad. Leinebø og Nerem Berg er kommunen sine representantar i styret, medan dei to andre representerer dei private aksjeeigarane.