Fortsatt høg koronaberedskap

– Vi må leve etter «den nye normalen»

Sjølv om vi ikkje har hatt tilfelle av Covid-19 i Herøy sidan mars, må vi opretthalde beredskapen og leve etter «den nye normalen».

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen minner om at koronafaren ikkje er over og at vi alle må leve etter "den nye normalen".  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Det seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding til Vestlandsnytt.

Der er framleis store utbrot i mange land på alle kontinent, også i våre vanlegaste ferieland. Også i Norge har vi utbrot som lokale helsemyndigheiter har utfordringar med å få kontroll på.

– Skal vi halde smitten borte frå Herøy, må vi halde fram med den «store dugnaden» der alle bidreg, seier Aasen.

Dei tre grunnreglane for godt smittevern er:

1. God handhygiene, vask hendene ofte!

2. Ver heime om du er sjuk eller har forkjølingssymptom!

3. Hald avstand, minst ein meter! Unngå samanstimlingar!


– Dersom alle følgjer desse i alle samanhengar, reduserer vi risikoen for å smitte andre.


Mange har fått seg ei velfortent ferie enten i Norge eller i utlandet. Reiser og kontakt med mange andre medfører auka risiko for smitte.

1. Følg dei tre grunnreglane for godt smittevern.

2. Ver ekstra forsiktig i kontakt med dei eldre i familien, og gå helst ikkje på besøk på sjukeheim eller omsorgsbustad dei første ti dagane etter du kjem heim. Vi vil svært gjerne redusere risikoen for dei som bur der.

3. Er du helsepersonell og har vore på reise i «grønt land» utanom Norden så skal du ta ein test før du startar i pasientarbeidet.

4. Kjem du heim frå «raudt land» skal du i ti dagars karantene.

TISK

Den nasjonale strategien for å finne smitten og avgrense den er kalla TISK: Testing. Isolering. Smittesporing. Karantene.

Smitten skal oppdagast i kommunane.

– Herøy kommune har bygd opp ein god beredskap for å avdekke smitte og for å kunne sette i verk tiltak ved påvist smitte. For å lukkast er vi heilt avhengige av at alle tek sitt ansvar: Få utført ein test så snart du har symptom eller har mistanke om at du kan vere smitta. Testen er gratis, seier Aasen.

I Herøy kan du teste deg ved begge legekontora på kvardagar. Ring fastlegen din for å bestill time når du treng det. Turistar skal ringe 116117 for å få kontakt med legetenesta.

– Vanlegvis får vi testsvar i løpet av 24–48 timar. I mellomtida må du vere i karantene og ikkje ha kontakt med andre utanfor familien.

På legevakta vert det utført test dersom du må til undersøking fordi du er sjuk. Alle som ikkje treng legetilsyn vert testa på kvardagane.

– Vi har etablert ei smittesporingseining som vert sett i sving når vi får ein smitta person i kommunen. Denne skal finne ut kven som kan vere smitta, og sette i verk tiltak som testing, isolering og karantene. I smittesporinga er vi heilt avhengige av å få eit godt samarbeid med alle som er råka, og at vi får kontakt med dei, seier Aasen.

Isolering og karantene er dei to viktigaste tiltaka for å hindre at smitten vert spreidd vidare når den er oppdaga. Det er faktisk lovfesta at den som er smitta er pliktig å følgje dei pålegga som kommunen gir når det gjeld isolering og karantene.

Mange sjøfolk har utfordringar ved mannskapsskifte. Det er ei rekke sentrale reglar som gjeld ved mannskapsskifte. Ta difor kontakt med smittevernoverlegen for å få rettleiing om kva regelverk som gjeld i konkrete tilfelle.


Viktig hugseliste for å førebyggje smitte

1. God handhygiene, vask hendene ofte!

2. Ver heime om du er sjuk eller har forkjølingssymptom!

3. Hald avstand, minst éin meter! Unngå samanstimlingar!

4. TISK – testing, isolering, smittesporing og karantene!

5. Kontakt fastlege/legekontor for testing sjølv ved svake symptom!

6. Turistar ringer: 116117.

7. Etter feriereise: Vent med besøk på sjukeheim og omsorgsbustadar i ti dagr!