Karl Oskar (24) og Ole Gunnar Sævik (23) med ny storsjark og har drive:

Sjarkfiske frå før dei vart vaksne

Det gror godt rundt Holmefjorden, slik det alltid har gjort, men no er det sjarkdrift som meir enn nokon gong før skaffar rekruttering til fiskaryrket i Herøy.

Sjark­fis­ka­rar: Ole Gun­nar (t.v.) og Karl Os­kar Sævik sik­ta mot jobb på stør­re bå­tar, men la om kur­sen og sat­sa for fullt på heil­års sjark­drift.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Ein ny storsjark er komen på Remøyhamna. Nye Fredøy er resultat av målretta satsing av to brør som sikta mot offshore og havfiskeri, men som la om kursen og valde kystfiske som levebrød slik mange andre unge herøyfiskarar har gjort dei seinare åra.