Salet av Herøybøkene har nesten stoppa opp:

Tilbyr bøker i byte mot lån

Herøy sogelag ønskjer å innfri eit lån på nesten 800.000 kroner frå kommunen og tilbyr bøker som betaling.

Signering: Heimar og Folk blei utgive i tidsromet 2009-2014. Her signerer redaktør Per Ståle Moltu bøker då verket var fullført, saman med Steinar Åheim som på den tida var leiar av sogelaget.  Foto: Arkiv

Nyhende

Salet av Herøybøkene har nesten stoppa opp og difor har Herøy Sogelag vanskar med å innfri eit lån på 790.000 kroner til Herøy kommune. Sogelaget ser det som ei god løysing for begge partar at kommunen overtek det antal Herøybøker frå sogelaget sitt lager som tilsvarar lånet.