Ordføraren svara om distriktstannklinikken på Larsnes:

– Vil heilt klart gi kostnadsauke

Sjølv om det i realiteten kan sjå ut som om at «toget er gått» i kampen om å behalde tannlegekontoret i Sande, meiner ordføraren det er grunn til å halde eit ekstra auge med situasjonen no som debatten har blussa litt opp.

Olav Myklebust: For Myklebust ser det ut som at «toget er gått» med tanke på å bevare distriktstannklinikken på Larsnes. Likevel seier han at ein no må vere «på» om moglegheita byr seg for ein omkamp. 

Nyhende

Under tysdagens kommunestyre i Sande kom varaordførarar Einar Ekroll (Frp) med eit grunngjeve spørsmål i kommunestyret, der han bad ordføraren svare på kva auke i kostnader det vil innebere for Sande kommune dersom all tannbehandling innan pleie og omsorg vil skje på Hareid frå årsskiftet. Frp-politikaren ville elles vite om Sande kommune aktivt vil arbeide for å sikre ambulerande tannlegetenester i kommunen.