Sande-politikarane signaliserte at dei vil sette samferdsel meir på dagsordenen:

– Må jobbe hardt politisk

Under både formannskapsmøtet og kommunestyremøtet i Sande på tysdag signaliserte fleire lokalpolitikarar at ein bør gjere meir i kampen for å få gjennomslag for Sande sine innspel i samferdselspolitikken.

Fører ikkje fram: Sandepolitikarane vurderer om dei bør gjere endå meir i kampen om å få sine ønskjer infridde i samferdselssakene. Dei opplever at dei ikkje har gjennomslagskraft nok. 

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta opp det årlege arbeidet med å tilpasse og endre rutetilbodet for kollektivtransporten for 2021. I samband med dette har no Sande-politikarane kome med tre innspel dei ber fylkeskommunen vurdere i prosessen, ei «ønskjeliste» om du vil.