Fordeler statleg tilskot på 4,2 mill. på fleire ulike prosjekt

Auka løyving til asfalt, vedlikehald av kommunale bygg, støtte til skredvoll og fleire andre vedlikehaldsprosjekt er Herøy kommune sin plan for å utnytte koronatilskotet frå staten.

HER­ØY FOR­MANN­SKAP: Den­ne veka fekk for­mann­ska­pet i opp­gå­ve å for­de­le 4,2 mil­li­o­nar kro­ner på pro­sjekt dei i ut­gangs­punk­tet ik­kje had­de tenkt å bru­ke pen­gar på i år. Det be­tyr mel­lom anna at flei­re mind­re ved­li­ke­halds­pro­sjekt kan ut­fø­rast. I til­legg løyv­de dei pen­gar til skred­vol­len på Mol­tu – eit til­tak po­li­ti­ka­ra­ne ik­kje kun­ne for­stå kvi­for Mol­tu IL har blitt på­lagt å ut­fø­re.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

For å sikre arbeid og aktivitet i kommunane har staten delt ut tilskot som skal nyttast til vedlikehald og rehabilitering av bygg og anlegg i dei ulike kommunane rundt om i landet. For Herøy kommune sin del er tilskotet på 4,2 millionar kroner, men som ei lita utfordring er det stilt krav om at pengane må gå til prosjekt som ikkje allereie er vedtekne i budsjettet. I tillegg må alle prosjekta som skal finansierast av tilskotet bli starta opp i løpet av 2020.