Tunnelvifte på plass i Myrvåg

Effektiv mot røyk

Brannverna på Ytre Søre har fått eit viktig hjelpemiddel til bekjemping av bilbrann i tunnell.

Demonstrasjon: Olav Amund Myklebust frå fylkeskommunen instruerer folk frå det lokale brannvernet i bruken av tunnelvifta.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Ei mobil tunnelvifte kom denne veka på plass ved brannstasjonen i Myrvåg. Vifta er eigd av fylkeskommunen, og skal vere til felles bruk for alle brannverna i området. Plasseringa i Myrvåg er gjort med bakgrunn i lokaliseringa av dei viftefrie tunnelane vi har her ute på øyane.