Leikanger kyrkjegard:

Kjempar for å bevare gamle gravminne

Rask reaksjon frå soknerådsleiaren hindra at fleire titals gamle gravminne vart frakta vekk. Mellom anna gravsteinen til den dekorerte krigsflygaren Reinert Svendsen.

Haug med dumpa gravstein: I denne haugen med dumpa gravsteinar like utanfor kyrkjegarden finst det i fylgje Monica Sætre og Sølvi Skogen mykje som er bevaringsverdig. Berre rask innsats frå Monica hindra at steinane vart frakta vekk.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Eg veit at det finst fleire gravsteinar i denne haugen som har kulturhistorisk verdi. Eg får berre håpe dei ikkje er øydelagde, seier soknerådsleiar Monica Sætre.