Bjerkvik gir seg som prest

Soknsprest Sigmund Bjerkvik sluttar til hausten.

17. mai Sande kyrkje Sigmund Bjerkvik 

Nyhende

Soknepresten vart vigsla til kallskappelan i Sande i 1981. I 1990 tok han til som ny som sokneprest etter Helge Nesse.

– Eg er i ein prosess med å pensjonere meg. Sluttdato er førebels ikkje sett, men det skjer rundt måndsskiftet sepember/oktober, seier Bjerkvik til Vestlandsnytt.

67-åringen seier det er kalendaren (les: alderen) som gjer at han no vil pensjonere seg, etter snart 40 år som prest i Sande.

Dermed blir stillinga som sokneprest for heile Sande lyst ut til sommaren. Sande har elles nært samarbeid med Vanylven, som avlastar Sande med ei 30 prosent prestestilling.